Til hovedinnhold

Etikk

Etiske retningslinjer for ungdomsbedrifter

Når de driv ungdomsbedrift, så er det ein del av skulearbeidet dykkar. Det vil sei at når de jobbar med ungdomsbedrift, om det er på skulen, på meisterskap, på kurs, eller digitalt, så må de følgja reglane på skulen.

Samtidig etablerer de ungdomsbedrifta som ei lovleg juridisk eining som kan drive med kjøp og sal. Det er dermed også nokre spelereglar og normer (forretningsskikkar) for næringslivet som de må passe på.

Her har me samanfatta nokre etiske retningslinjer som de må forhalda dykk til når de driv ungdomsbedrift.


"Vi har nulltoleranse mot rusbruk, svart arbeid og krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering."
Ungt Entreprenørskap

God åtferd og forretningsskikk

God åtferd og forretningsskikk er grunnlaget for å drive ei vellykka bedrift. Det handlar om meir enn berre å følgje lover og reglar; det handlar om å etablere tillit, byggje relasjonar og halde oppe eit positivt omdømme.


UE elev stjerne tips bla 2023 06 15 082145 sltj

Do`s

  • Hei på kvarandre internt, de gjer dette saman!
  • Hei på kvarandre eksternt og vis god «sportsmanship» mot ungdomsbedrifter på eigen skule, og frå andre skular.
  • Vis respekt overfor kollegaer, kundar, samarbeidspartar og andre de kjem i møte med gjennom ungdomsbedrifta deira.
  • Bruk tid på nettverksbygging på kurs og meisterskap som de deltek på, og lat dykk inspirere og lære av andre.
  • Dersom ungdomsbedrifta dykkar sel ei vare eller teneste har kjøparen nokre forbrukarrettar ved eventuelle manglar eller forseinking av levering. Les meir på forbrukarrådet.

UE utropstegn lilla

Dont’s

  • Mobbing, hets og trakassering har ingen plass i ungdomsbedriftsarbeidet å gjere. Enten det er fysisk eller digitalt så er dette mot reglane i skulen – også utanfor skuletid! For ikkje å snakke om at det er skikkeleg dårleg business. Sjekk kva reglar for orden og åtferd som gjeld på skulen din.

  • Ikkje fusk med rekneskapen.

  • Ikkje utfør svart arbeid.


Forretningsidéar, berekraft og sosialt ansvar

I Noreg har vi ei eiga lov om åpenheit - den handlar om at verksemder som tilbyr varer og tenester må jobbe med å unngå å handtere negativ påverknad, eller konsekvensar, på menneske og samfunn


UE elev stjerne tips bla 2023 06 15 082145 sltj

Do’s

  • Når de utviklar forretningsidéane dykkar - tenk over kva påverknad dykkar vare eller teneste vil ha: Vil den ha positiv påverknad på menneske, natur og samfunn, eller negativ?
  • Dersom den har negativ påverknad, oppmodar me dykk til å vurdere å gå for ein annan idé. Kva med å utvikla idéar som har positiv innverknad på menneske, natur og samfunn, anten gjennom sosialt entreprenørskap eller bærekraftig business.

UE utropstegn snakkeboble lilla

Dont’s

  • Unngå forretningsidéar som oppmodar til rusbruk, svart arbeid og krenkelsar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering
  • Unngå forretningsidéar som handlar om import av varer for vidaresal, dette er lite berekraftig og oppmodar til overforbruk og en bruk- og kast mentalitet.


Teknologi og transparens


Dei siste åra har teknologien vore på frammarsj og me har ei mengd nye verktøy til vår disposisjonen. Desse må de gjerne bruke, men hugs å gjere det på ein ansvarleg måte.

UE elev stjerne tips bla 2023 06 15 082145 sltj

Do’s

  • Dersom ungdomsbedrifta nyttar kunstig intelligens eller andre avanserte teknologiar, bør de vera opne og transparente om at desse teknologiane blir nytta og korleis dei blir brukte.
  • Sjå til at de gjev opp korrekt kjeldeinformasjon når de bruker andre sine idear eller materiale.

UE utropstegn lilla

Dont’s

  • Ikkje framstill KI-genererte tekstar eller innhald som eigenprodusert.
  • Respekter andre sin intellektuelle eigedom og opphavsrettar. Ikkje kopier eller plagier andre sitt arbeid.